Utdanningsdirektoratet

Utskriftsvennlig side tips en vennTips en venn 

Hjelpemiddel Reform 94 - privatistar, lærlingar, m.v.

Sentralt gitt skriftleg eksamen for privatistar, lærlingar, praksiskandidatar og eksaminandar i VKII Bedrift avviksfag i den vidaregåande opplæringa i Reform94: Oversikt over tillatne hjelpemiddel

Endringer fra og med våren 2009: 
For EL6419, FO7029, TB7019, TB7059, TB7069, TB7089, TB8039 og TB8049 er det foretatt mindre endringer i tillatte hjelpemidler.

 

Brev | Publisert: 15.01.2008   Sist endret: 27.04.2009
Dette skrivet gjeld privatistar, lærlingar, praksiskandidatar og eksaminandar i VKII Bedrift avviksfag i R94.

Vedlegget til dette skrivet gir oversikt over tillatne hjelpemiddel og eksamensordningar ved sentralt gitt eksamen i Reform 94 i dei enkelte faga.

Oversikt over hjelpemiddel og eksamensordningar for elevar er gitt i eige skriv.

Etter § 4-18 i Forskrift til opplæringslova avgjer Kunnskapsdepartementet korleis sentralt gitt eksamen skal organiserast. Departementet har delegert ansvaret for dette arbeidet til Utdanningsdirektoratet.
Ved lokalt gitt eksamen har fylkeskommunen ansvaret for gjennomføringa av alle lokale eksamenar, jf. forskrifta til opplæringslova § 4-19, og for kva hjelpemiddel som er tillatne, jf. forskrifta § 4-23 Hjelpemiddel til eksamen.

1 Privatistordningar

For privatistordningar viser vi til rundskriv SUE/Vg – 97-001, rundskriv SUE/Vg – 97-004 og rundskriv SUE/Vg – 98-001.
Privatistar som ønskjer dokumentasjon for fullført årskurs, må ta eksamen i kvart enkelt fag i kurset, medrekna tverrfagleg eksamen. For privatistar som ønskjer vitnemål, er det nok å ta tverrfagleg eksamen på det høgaste nivået.

Studieretning for sal og service og studieretning for medium og kommunikasjon

Det er mogleg å framstille seg til eksamen som privatist i alle fag, både studieretningsfag og felles allmenne fag, i grunnkurs og VKI i studieretning for sal og service og i grunnkurs, VKI og VKII i studieretning for medium og kommunikasjon. Den enkelte fylkeskommunen fastset korleis lokalt gitt eksamen skal organiserast innanfor desse rammene:
  • Fag med omfang på inntil 150 årstimar har 3 timar skriftleg eksamen.
  • Fag med omfang over 150 årstimar har 5 timar skriftleg eksamen.
  • Faget prosjektarbeid har 5 timar skriftleg eksamen.
    (jf. rundskriv LS-61-2002 Retningslinjer for eksamen for privatister i VKI og VKII i studieretning for medier og kommunikasjon og VKI i studieretning for salg og service).

2 Privatistar som skal ta eksamen med førebuing

Innanfor dei studieretningane der elevar og privatistar har lik eksamen, til dømes elektrofag og somme mekaniske fag, gjeld ordninga med førebuing med notatark avgrensa til to A4-sider.

3 Generelt om hjelpemiddel

I alle faga er desse hjelpemidla tillatne:

  • Ordinære rettskrivingsordbøker, ordrettingsprogram, synonymordbøker og
    fremmendordbøker.
  • læreplan
  • vurderingsrettleiingar
  • relevante skrive- og teiknesaker, og måleutstyr
     

Elevbok i matematikk, og oppsummeringsnotat i kjemi

Elevbok i matematikk og oppsummeringsnotat i kjemi er også godkjende som hjelpemiddel for privatistar.

Bruk av elevbok i matematikk (dvs. formelsamling med eigne notat)

Vi viser til rundskriv LS-28-2003 Bruk av elevbok ved sentralt gitt skriftlig eksamen i matematikk – eksamen vår og høst 2004 – videregående opplæring. Ordninga er forlengd til også å gjelde for eksamen i Reform 94.
Vi gjer merksam på at det ikkje er tillate å lime inn nye sider over opphavleg tekst i formelsamlinga. Det kan noterast og gjerast tilføyingar, men den opphavlege teksten og formatet i formelsamlinga må ikkje endrast. Nye ark med matematisk innhald kan eventuelt bli limte inn på sider som opphavleg var blanke i formelsamlinga.
Dersom ein eksaminand vil ha med formelsamling i matematikk til eksamen i fysikk 3FY, må formelsamlinga, som tidlegare, vere utan notat. Det som no er definert som elevbok i matematikk, er med andre ord ikkje tillate å bruke på eksamen i 3FY.

Bruk av eigenproduserte notat (oppsummeringsnotat) i kjemi

Vi viser til rundskriv LS-34-2003 Utvidet bruk av hjelpemidler til eksamen i kjemi 3KJ, prøveordning for eksamen våren og høsten 2004 og 2005. Ordninga er forlengd til også å gjelde for eksamen i Reform 94.
Tillatne hjelpemiddel elles til eksamen står spesifiserte for kvart fag i vedlegget til dette skrivet.

4 Bruk av lommereknar og informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) på sentralt gitt eksamen

Bruk av lommereknar på sentralt gitt eksamen

Om retningslinjene for bruk av lommereknar viser vi til skrivet SUE/Vg – 98-036 Regler for bruk av lommeregner ved eksamen – språkbruk i eksamensoppgaver i matematikk, og Rundskriv LS-19-2002 Eksamen våren og høsten 2002 – eksamensordninger og hjelpemidler i videregående opplæring og teknisk fagskole, under punktet Bruk av lommeregner til sentralt gitt eksamen.

Bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) på sentralt gitt eksamen

Somme fag krev bruk av IKT for å løyse oppgåvene på eksamen. Omfanget og bruken av IKT og hjelpemiddel i desse faga er lista opp i vedlegget til dette skrivet. Arrangøren av eksamen informerer eksaminandane om at eksaminandane sjølve har ansvaret for å gi namn til dokumentet sitt (klasse, eksaminandnummer osv.) og å lagre regelmessig på tildelte lagringsmedium (t.d. kvart 10. minutt). Eksaminandane har ikkje høve til å kommunisere seg imellom eller å ha tilgang til Internett eller andre kommunikasjonssystem. Utover ordningane i vedlegget har privatistar generelt ikkje krav på å få bruke IKT på eksamen.

5 Særskild tilrettelegging av eksamen

Reglane om hjelpemiddel til eksamen som er gitt i dette skrivet, gjeld i prinsippet også for elevar med behov for særskild tilrettelegging av eksamenar. Desse kan i tillegg bruke dei hjelpemidla og/eller programma som er spesielt utvikla for denne målgruppa, jf. forskrifta til opplæringslova § 4-24 Særskild tilrettelegging av eksamen og prøver gjennom året.

Rektor må sørgje for at innhaldet i dette skrivet så snart råd er blir gjort kjent for lærarar, privatistar, lærlingar, praksiskandidatar og eksaminandar.

Spørsmål som gjeld dette skrivet, skal rettast tenesteveg via fylkeskommunen til fylkesmannen.

Vedlegg: Tillatne hjelpemiddel og eksamensordningar for privatistar mv. ved sentralt gitt eksamen i Reform 94 etter fagkode
 

Direktoratet i Oslo, Hamar og Molde:   Tlf: 23 30 12 00   |   Faks: 23 30 12 99   |    E-post: post@utdanningsdirektoratet.no   |   Mer kontaktinformasjon

Ansvarlig redaktør: Helge Lund   |   Redaktør: Doris Amland   |   E-post til redaksjonen: redaksjon@utdanningsdirektoratet.no